Lin-frå frø til tøy

Jon Fredrik Skauge, Tingvoll Museum

Arrangør: Tingvoll Husflidslag, Tingvoll Museum, Tingvoll Museumslag, Tingvoll Asylmottak, Tingvoll Flyktningekontor, Tingvoll Barne og Ungdomsskole ved 3. og 4. klasse.

Sted: Inne og ute i Tingvollia.

Tid: 7.september 12:00-15:00

Universelt utformet: Nei

I mai samarbeidde vi og sådde 20 små og store linåkrar rundt omkring i bygda. Desse må vi vatne, luke og passe på, fram til det er tid for rykking.

Laurdag 07.09. kjem Jon Fredrik Skauge frå Fannrem til oss. Han vil fortelle om sine erfaringar med å så lin, bearbeide, spinne og veve.Han er bonde, bunadtilvirkar, konservator, kulturarbeider, historikar og forfatter. Vi vil lære om korleis vi handterer linstilkane for å få fram spinneklar lin.
Vi vil få prøve oss på å rispe frø, bråke, skake og hekle det ferdigrøytte linen Jon Fredrik har med seg.

Kanskje får vi prøve å spinne litt og lage ein enkel vev også?

Det blir presentasjon av 3. klasse, 4. klasse og «ritualekomitéen» sine prosessar ved såing i mai.

Matservering.

Hovedarrangør

Tingvoll Husflidslag er hovedarrangør av arrangementet. Vi er opptekne av gamle teknikkar og vil lære og lære bort, slik at gamal kunnskap ikkje går i gløymeboka. Dette året satsar vi på lin, ved å så og bearbeide linet vi dyrkar. Vi har som mål å få til små vevde dukar heilt til slutt.

Vi vil også ha kurs i bunadsskjortesaum i haust (nordmørsskjorte) og også eit kurs i vyshyvankasaum (ukrainsk festbluse), alt sjølvsagt i lin!

Medarrangører

Tingvoll Museum

Tingvoll Museumslag

 

Kontakt

Navn: Kari Folden

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Norges Husflidslag

Telefon: 99585306

E-post adresse: kari.kristin.folden@gmail.com

Sponsorer

MIN Kulturminnedag
Krivi vev

Sparebanken Møre