Olav Toft Samling

Arrangør: Tofterøy Bygdalag og Folkeakademiet Vest

Sted: Tofterøy Skule

Tid: søndag 10. september 12:00 - 15:00

Universelt utformet: Nei

Olav Toft Samling på Tofterøy Skule- Kulturminnedagane 2023 

Olav Toft er rekna for å vera ein av våre beste lekfolk innan arkeologi og kulturhistorie, og mange av funna hans førte til revurdering av norgessoga, noko han vann full godkjenning for i museums- og universitetsmiljøa. Han har òg samla gjenstandane til museet som no er på Tofterøy Skule.

Denne søndagen vert dørene opna kl 12:00. Det vert kafè og levande kulturarv i form av underhaldning, og det vert høve til å sjå seg om i Olav Toft si samling og slå av ein prat med museumsvert Anita Espeseth.
Der er tilgjengelig parkering.
Velkomen!
Olav Toft vart i 1984 utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St Olavs Ordenen for mangeåreg virke for fortids- og kulturminnevern. Alt frå gutedagane viste han uvanleg interesse for våre historiske røter og vår natur med fugle- og dyreliv. Med unik innlevningsevne tolka han spor og teikn i natur og landskap. Slik fann han frem til forfedrane sine liv og lagnader heilt tilbake til dei første veidefolka på Vestlandet etter den siste istida. Han tileigna seg òg mykje frå faglitteraturen som kom han til hjelp i utforskninga av våre eigne røter. Olav tråla utmark, fjell og myrar, øyar og holmar, og lokaliserte om lag 70 bustadar frå steinalderen. Han leverte eller peikar ut 3000 oldtidsfunn på Sotra. Det meste av dette er samla i musea i Bergen. Han laga ei samling av arkeologiske funn, reiskapar og velde for sjø og land i heimkommunen Sund. Han samla òg segner og soger, ord og ordtrykk frå vår nære historie og gamle bumerke, og var ein mykje velsett formidlar på barneskulane i regionen. Olav er rekna for å vera ein av våre beste lekfolk innan arkeologi og kulturhistorie, og mange av funna hans førte til revurdering av norgessoga, noko han vann full godkjenning for i museums- og universitetsmiljøa. Han har òg samla gjenstandane til bygdemuseet på Berge.»  (Skogseth A. og Fyllingsnes F., 2014 Sund på Søre Sotra. Band 3. Gards- og slektssoge Gnr. 23-Gnr. 31, Sund kommune, s.127)

Hovedarrangør

Tofterøy Bygdalag
v/ Andreas Trellevik

Medarrangører