Om lauving, lindebastetog og annan bruk av lauvtre

Nærøyfjorden Verdsarvpark

Arrangør: Nærøyfjorden Verdsarvpark

Sted: Grenda Bakka, Nærøyfjorden - Aurland kommune

Tid: 03. sept. 11:30 - 16:00

Universelt utformet: Nei

Temadag om bruk av lauvtre i det tradisjonelle landbruket og korleis bruken visast att i kulturlandskapet. Hovudfokus vil vere tradisjonane knytt til lauving / styving og lindebastetog, men ein får og innblikk i andre sortar lauvtre og deira bruk.

Arrangementet finn stad i den vesle grenda Bakka, mellom dei mektige fjella i Nærøyfjorden, og ein vil naturleg nok og få lære litt om dei særskilde landskapsverdiane som har gjeve dette området både verdsarv- og naturvernstatus.

Programmet startar med ei vandring i kulturlandskapet på Bakka i lag med gardbrukar Svein Tufte. Me samlast etterpå i den gamle skulestova til kaffi/te og noko å bite i, før Jarle Breilid frå Fresvik vil formidla om lindebastetog.

Velkomen til vår markering av Dei norske kulturminnedagane 2023!

Påmeldingsfrist: 01. september.

Hovedarrangør

Nærøyfjorden Verdsarvpark

http://naroyfjorden.no

Kontakt

Navn: Gry Mørk

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Nærøyfjorden Verdsarvpark

Telefon: 95141438

E-post adresse: gry@naroyfjorden.no