På sporet av Osbanen

Enoch Djupdræt / Bjørnafjorden kommune

Arrangør: Åsmund Bjordal (Osbanens Venner), Øyvind Bugge og Ingebjørg Astrup (Fortidsminneforeininga - Bjørnafjorden lokallag), Leif Ragnar Tveit (Os kulturutvikling), Magnar Brekke og Jarl Aspaker (Venneforeningen for gamle Osbanen), Geirmund Dyrdal (Os sogelag), Tormod Kayser (Fana- og Ytrebygda kulturkontor) og Øyvind Gjerde og Kristin Bøe (Bjørnafjorden kommune - Kultureininga)

Sted: Vognhallen Os stasjon, Stend stasjon og Fana kulturhus

Tid: Aktivitet frå 29. august til 5. september

Universelt utformet: Nei

Gjennom Kulturminnedagane 2024 skal vi auke fokuset på Nesttun-Osbanen, som regel kalla Osbana, og  formidle kor viktig denne jarnbana var for utviklinga og kommunikasjonslina mellom Os og Fana/Bergen.

Kvar månad i 2024 blir det presentert Osbanedrypp, små kuriositetar og bilete, i lokalmedia i Bjørnafjorden og Fana.

Torsdag 29. august kl. 19 Bjørnafjorden bibliotek

«Osbanen – lilleputtbanen som frakta over 4 millionar passasjerar»

Foredrag ved forfattar Per Ivar Tautra. Tautra har blant anna skrive boka Fremskrittet som åpnet bygdene : Nesttun-Osbanen: en attraksjon som ble borte.

Søndag 1. september er det nøyaktig 89 år sidan det sist toget gjekk på Osbana.

Frå kl. 10 Open dag på Stend stasjon

10.30 Buss frå Os stasjon til Stend stasjon

11.15 på Stend stasjon «Kor på linjen» framfører Frieri på Osbanen

11.30 Avmarsj frå Stend stasjon. Vandring lands delar av Osbanetraseen med Erlend Garåsen frå «Skinnelangs».

16.30 Varaordførar Marie Bruarøy avdukar blåskilt på Os stasjon

16.45 i Vognhallen Os stasjon: «Turveier på nedlagte spor i vest»

Foredrag ved Erlend Garåsen

17.30 Køyring av modelltog  med damplokomotiv i Vognhallen

Torsdag 5. september kl.19 Småsalen i Fana kulturhus

«Osbanen – lilleputtbanen som frakta over 4 millionar passasjerar»

Foredrag ved Per Ivar Tautra

Fotoutstilling i Foajeen

 

 

Kontakt

Navn: Kristin Bøe

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Bjørnafjorden kommune

Telefon: 91376329

E-post adresse: krb@bjornafjorden.kommune.no