Russarstegen; dei som bygde den og fuglane

Ok

Arrangør: Sotra husflidslag i samarbeid med kulturavdelinga i Øygarden kommune

Sted: Gjerdet kulturminnegard på Fjell i Øygarden kommune

Tid: 12. september, 26. september og 10. oktober. Alle dagar 10:00 - 15:00

Universelt utformet: Nei

Kulturminnedagane 2020
Tema: LÆRE BRUKE BÆRE

«Russarstegen; dei som bygde den og fuglane»
Sotra husflidslag ynskjer å bidra til årets Kulturminnedagar ved å sette fokus på Russarstegen og dei russiske fangane som bygde den. Russarstegen går frå Gjerdet kulturminnegard og opp til Fjell festning.

Minner frå krigen

– Okkupasjonsmakta i Norge i den andre verdskrigen 1940 – 1945 brukte delar av vÃ¥ningshuset pÃ¥ Gjerdet til sitt kontor. Russarstegen bak huset var bygd av russiske fangar. Nokre av fangane budde i barakker pÃ¥ Fjell. – Lokalbefolkninga pÃ¥ Fjell gjorde mykje for Ã¥ «lura til» dei russiske fangane ekstra mat. Det er fortalt at det vart spadd opp ein potetÃ¥ker der ein sette poteter, desse kunne dÃ¥ fangane, dÃ¥ dei gjekk forbi, i løynd grave opp og ete. Sjølvsagt vaks det aldri opp potetplantar. Og stadig nye poteter vart planta i Ã¥keren.

Russagåver 

Som mange andre stader i Norge der det russiske folket var i fangenskap, og brukt som arbeidskraft til å bygga festningsanlegg og anna for okkupasjonsmakta, klarte også fangane ved Fjell festning å finna nok materiale og reiskap til å framstilla vakre gjenstandar. Mest kjende er kanskje fuglane som set og pikkar mat på eit brett. Ei slags leike. Dei lagde også fuglar av dekorativt utskorne av tynne treemne sett saman til ein svevande fugl. Også kalla sponfuglar eller treflisfuglar. I Russland er desse fuglane kalla lykkefuglar etter eit gamalt segn, og har vore kjent som lykke i Russland sidan middelaldaren. Det russiske ordet for lykkefugl er «Ptitsa stsjastja». Me kan vel tenka oss at fangane tenkte også mykje på fred og fredsfuglar då dei laga desse fuglane. Mange nordmenn fekk slike vakre fuglegåver frå dei russiske fangane i løpet av desse åra.

Kurs på Gjerdet kulturminnegard

I forbindelse med kulturminnedagane ynskjer Sotra husflidslag å tilby tre korte dagskurs med fuglar som eit gjennomgåande tema. På kursa kan du som deltakar sy handlenett i gjenbruksmateriale og dekorera dei med dine eigne fredsfuglar i stoff-applikasjon, potet-trykk og/eller broderi.
Kurs 1: Laurdag 12. september kl. 10 – 15 (for vaksne)
Kurs 2: Laurdag 26. september kl. 10 –15 (for Ung husflid / born)
Kurs 3: Laurdag 10. oktober kl. 10 – 15 (for vaksne)
Kursinstruktørar: Kursinstruktørar for vaksenkursa er Wenche Buvik og Sidsel Gjerde som har mykje erfaring frå sying med både lappeteknikkar og anna. Kursinstruktørar for barnekursa er instruktørar frå Ung husflidgruppa i laget.
*Kurs 1 og Kurs 3 for vaksne kostar kr. 300,- pr dag.

Påmelding til Wenche wbuvik@online.no eller tlf. 95946913 – Maks 10 deltakere til vaksenkurset.

*Kurs 2 for born er gratis. Påmelding til Nina – tlf. 91750073 – Maks 8 deltakere.

På grunn av pandemien og smittevernreglar om bl a 1 meteravstanden, vert kursa avgrensa til 10 deltakarar på vaksenkurset og 8 deltakere til kurset hjå Ung husflid.
Velkomen til Sotra husflidslag og Gjerdet kulturminnegard

Kulturminnedagane 2020 ved Sotra husflidslag er i samarbeid med Kulturavdelinga i Øygarden kommune. Sotra husflidslag i Øygarden er eit lokallag av Norges husflidslag. Husflidslaget har sin base i våningshuset på Gjerdet kulturminnegard. Russarstegen tar deg til Fjell festning, del av Museum Vest, på ein bratt sti delvis med trapper og fin utsikt undervegs.

Hovedarrangør

http://www.husflid.no

Sotra husflidslag

Medarrangører

Øygarden kommune

Sponsorer

Øygarden kommune