Ryfylkehumorens ABC

Arrangør: Ryfylkemuseet

Sted: Epleriet

Tid: 7. september 19.00 - 20.30

Universelt utformet: Nei

Ryfylkehumorens ABC

Finnes det ein eigen form for humor i Ryfylke? I tilfelle, kva er særtrekk og særpreg? Er den god for helsa?

Ryfylkemuseet si årbok for 2023 handlar om ryfylkehumoren. Me er glade for at journalist og forfattar Hjørdis Halleland Mikalsen og komikar og forfattar Leif Arild Steen tok oppdraget med å sjå nærare på saka.

7. september inviteres det til hyggelig kveld på Epleriet på herlege Helgøy. Her vil forfattarane presentere sine funn, og har fått med seg finnøybu Arne Nordbø og bluesartist og finnmarking, Eric Slim Zahl.

Det blir garantert lått og løye, flott visesang og forhåpentligvis går du frå Epleriet som eit klokare menneske.

Hovedarrangør

Ryfylkemuseet er eit kulturhistorisk museum med samlingar i og frå heile Ryfylke, ein region med store variasjonar frå øylandskap i vest til fjord- og fjellandskap i aust. Museet har hovudsete på Sand i Suldal, men dekker òg Sauda, Hjelmeland, Strand, Forsand, Finnøy, Rennesøy og Kvitsøy. Ryfylkemuseet skal tilby kunnskap og opplevingar, og skal bidra til ei positiv bygdeutvikling i Ryfylke.