Skuledag i gamle dagar på Stavset internatskule

Arrangør: Hjørundfjord kulturvernlag

Sted: Hjørundfjordstranda 1236

Tid: Flere dager

Universelt utformet: Nei

Stavset internatskule i Hjørundfjorden i Ørsta kommune vart bygd og tatt i bruk i 1915. Skulevegen var for farleg og borna måtte flytte på internatskulen og bu der frå dei var 7 år gamle.
Skulen var i drift som internatskule fram til 1951, då kom det tryggare veg.
Etter den tid  var skulen nytta som vanleg skule.
Dette er viktig og heller nær lokal historie.
Difor ynskjer Hjørundfjord kulturvernlag å syne fram skulen til born i 3 til 10 klasse frå Sæbø skule i Hjørundfjorden.
For å kome til Stavset frå Sæbø, må ein nytte båt. Borna skal få kvar sin dag på skulen, 3 til 5 klasse, 6-8 klasse og 9-10 klasse. Forteljar og lærar i tillegg til deira egne lærarar vert tidlegare elevar som fekk oppleve å bu på Stavset internatskule. Dei vil fortelje om opplevingar.
Pengane Hjørundfjord kulturvernlag har fått frå Kulturvernforbundet skal nyttast til skyssbåten. Dei andre som er ansvarlege eller formidlarar stiller gratis.
Vedlagt ligg nokre bilete då ei lita 9-klasse var på vitjing i vår. Dei kom frå Vartdal skule, dei er landfaste med Stavset og kom i minibuss.
Bilete 1. Eldbjørg Tvergrov, tidlegare elev som er formidlar på Stavset internatskule.
Bilete 2. Frå klasseromet. Eldbjørg fortel
Bilete 3. Frå klasseromet. Eldbjørg forte.
Bilete 4. Skulen sett frå vegen. Hjørundfjord kulturvernlag har restaurert den.
Bilete 5. Blekkhuset.
Bilete 6. Den blå kassa var matskrinet. Borna hadde med mat heimanfrå som vart nytta til alle. Spanna var ei «dropsspann», den var til mjølk, etter nokre dagar var nok mjølka sur, men den var betre enn å ikkje ha noko. Penalhuset er også gammalt. Denne typa var i bruk til langt ut på 1900-talet.

Hovedarrangør

Hjørundfjord Kulturvernlag.

Medarrangører

Sæbø skule og Daniel Storeide som skal frakte borna frå Sæbø til Stavset.

Sponsorer

Ingen