Veving er utan landegrenser : på Gjerdet kulturminnegard

Arrangør: Sotra husflidslag

Sted: Gjerdet kulturminnegard, Bankesteinsvegen på Fjell

Tid: lørdag 11. sep, kl 14:00

Universelt utformet: Nei

Sotra husflidslag inviterer til nokre trivelege timar i løa på Gjerdet kulturminnegard laurdag 11. september kl. 14:00.

Opphald i andre land, anten du har emigrert eller som flyktning kan gi deg ny og uventa kunnskap. Har også mennesker i vertslandet noko å læra av nye innflyttarar?

Med musikk, forteljingar og bileter vil du denne laurdagen få høyre om den lokale Damaskvevaren Johs. Færø frå Steinsland, og om korleis han lærde seg kunnskapen om veving bl.a. i krigsåra under opphaldet i England, og om dei mange bestillingsverka i vev han utførte både av utsmykkingar av offentlege bygg og kyrkjer i etterkant.

Anna kom til Norge som arbeidsinnvandrer frå Polen for fjorten år sidan. På denne laurdagen kjem ho og fortel oss om då ho oppdaga Jantelova.

Så har vertsland også noko å læra av nye innflyttarar? Dette er noko Sotra husflidslag ynskjer å jobba med framover, og håpar at denne dagen kan gje opptakten til nettopp dette.

I forbindelse med kulturminnearrangementet 11. september vert det i løpet av hausten også arrangert vevkurs for både vaksne og born.

Musikken denne ettermiddagen i løa vert ved Vivian Steinsland, og forteljingane ved Johs. Færø-gruppa i Sotra husflidslag.

Påmelding til arrangementet 11. september  til Marlen. SMS til 975 34 959.

For påmelding kurs følg med på Sotra husflidslag sine heimesider og fb-sider.

Hovedarrangør

Sotra husflidslag med støtte frå Øygarden kommune.

http://www.husflid.no/lokal_og_fylkeslag/hordaland/lokallag/sotra_husflidslag

 

Sponsorer

Øygarden kommune, kulturavdelinga.