Nettverket i vest

Første nivå i utviklingen av Vestland Kulturvernnettverk at heile det frivillige kulturvernet i fylket tegner seg som medlemmer. Det er gratis. I Vestland fylke har vi over 250 lokale lag med minst 50. 000 frivillige kulturvernere.



Sjå video med bilete frå medlemmane i Vestland Kulturvernnettverk.


Nettverket for frivillig kulturvern i Vestland

Nettverksbygging: Kulturvernet har ikkje tidlegare samla seg i regionale nettverk. Vestland Kulturvernnettverk er ikkje ein paraplyorganiasjon, men ei ny felles stemme. Vi skal styrke rammevilkåra til det frivillige kulturvernet og vera eit korrektiv og støttespelar i utvikling av regional kulturpolitikk.

«Bestilling»: I Vestland fylkeskommunes regionolan for kultur 2023 – 2035 står det: «Gode nettverk, klynger og samhandlings-arenaer for kunnskapsdeling og utvikling er ein føresetnad for å lukkast.» Vidare vil fylket «Styrke dei regionale paraplyorganisasjonane på kulturfeltet, og støtte oppretting av nye, t.d. for kulturvern». Ambisjonane er høge på vegne av Kulturvernet: «Som ein leiande region må Vestland legge til rette for at det skal vere enkelt å drive frivillig kulturvern i fylket.»

Bindeledd: Vestland Kulturkrets skal gjere synleg kulturvernet sine behov. tVi skal skape møteplassar for samarbeid med kommunane, fylket muse og reiseliv. Den nye felles stemma skal gje tilgang til politikk og høyringer slik at vi kan gje råd. Saman skal vi utvikle kulturvernet på tvers og skape gode rammer for alle som tek vare på kulturarven i Vestland, uavhengig av forbund, organisasjonar og nivå.

Medlemskap: I Vestland fylke har vi over 250 lokale lag med minst 50. 000 frivillige kulturvernere.  I tillegg finnes det ein rekke uorganiserte lag/foreninger og miljø som vi ønsker å få med i nettverket. Alle lag, organisasjonar og samlingar for frivillig kulturvern i Vestland fylke, også om laget/foreninga ikkje er medlem i ein nasjonalforening tilknyttet Kulturvernforbundet, er velkommen som medlemmar i nettverket. No treng vi krafta antall medlemmer gir. Saman skal vi skape visjoner og mål. Lag og organisasjonar som er så sterke at dei vel å stå utanfor, svekker felleskapet, sinker utviklinga av nettverket og begrenser moglegheitene til å lære av kvarandre.

Organisering:

  • demokratisk organisasjon
  • med eit valgt styre av representantar frå frivilleg kulturvern
  • årsmøte som høyeste organ.

Utvikling: Nettverket for kulturvern i Vestland fylke ble etablert i 2024. Konsituerende årsmøte var 27. oktober. Det viktigste vedtaket var vedtekter, LENKE Vedtekter-Vestland-Kulturvernnettverk.

No i 2025 startar arbeidet med strategiplan og handlingsprogram 2025-2026. Her skal vi konkretisere dei strategiske vala vi må ta for å etablere nettverket som eit livskraftig organ for å ta vare på kulturarven i Vestland.

  • I 2024 tok vi kontakt med alle kommunane i fylket og brukte frivilligregisteret for å kartlegge det frivillige kulturvernet. Kartet finn du på framsida til Vestland Kulturvernnettverk. LENKE.
  • Vi har oppretta ei side for presentasjon av medlemmane. LENKE
  • Vi er etablert som høringsinstans.
  • Gjennom kontakten med medlemmane vil vi kartlegge uavklarte spørsmål og problemstillingar som er avgjerande for at kulturvernnettverket i Vestland skal fungere etter intensjonen.
  • Vi skal utvikle prosjekt for å auke mangfaldet i arbeidet med frivillig kulturvern i Vestland, og for å opne fleire vegar fram til deltaking for born og unge.

Verdiskaping: Kulturvernet er ein positiv verdiskapar for individ og samfunn. Ildsjeler jobber frivillig med å ta vare på vår materielle og immaterielle kulturarv. Organisasjonane har unik kompetanse og høge faglege standarder for det arbeidet dei gjer for å ta vare på kulturminner og formidle kulturarven vår. Eit mål i norsk kulturpolitikk er «Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø». Kulturvernet skal gi engasjement, bærekraft og mangfald.

Organisasjon: Idrettskretsene har mykje å lære oss. Dei har til dømes kretsting – på tvers av forbund, ungdomsutval og administrasjon med fagavdeling. Idretten jobber saman for å skape gode rammevilkår – og har lukkast. Saman har dei påverka lover og regler, dei har etablert gode medlemmssystem, skapt aktivitet på tvers med allidrett og utvikla barneidrett. Alt dette kan vi få til i kulturvernet, om vi samlast i eit nettverk.

Oppgåver: Det frivillige kulturvernet finst i alle kommunar i Vestland. Kystlag, historielag, husflidslag og private samlingar. No er det tilfeldig om vi er representert i dei lokale kulturåda. Vi manglar system slik at vi er merksame på kvarandre. Vi manglar aktivitetslinjer for kurs, utdanning og samlingar. Vegen til «Olympiatoppen» for kulturvern manglar. Kor og korleis skal våre unge entusiastar drive «toppidrett» i Vestland?

Økonomi: Regjeringen har lansert regionale kulturfond. Kulturen trenger bedre rammevilkår.

Kulturvernforbundet:  Paraplyorganisasjonen for de landsomfattende kulturvernorganisasjonene har mandatet for å starte regionale nettverk for Kulturvern i alle fylker. Forbundet har 31 medlemsorganisasjonar med omlag 2600 lokale lag og 270 000 medlemmer og frivillige.

 


Regionale kulturkretser

Ein regional kulturkrets favner regionale frivillige kulturorganisasjoner i hele fylket: musikk, dans, visuell kunst, scenekunst og kulturminnevern. Vestland Kulturvernnettverk sitt no i interimstyret for Vestland Kulturkrets.

LENKE: Informasjon om regonale kulturkretser


Stiftinga av Vestland Kulturkrets var 7. desember i Førde. Regional koordinator for Vestland Kulturvernnettverk, Inger Christine Årstad, sitt no i interimstyret og representerer nettverket for frivillig kulturvern i Vestland. Kulturvernforbundet sentralt sitt i den nasjonale styringsgruppa for utviklinga av regionale Kulturkretser.


Mangfald og inkludering: Vestland kulturkrets skal kartlegge omfang av, og innhaldet i inkluderingsaktivitetar i dei einskilde organisasjonane. Vi skal følge opp med spørjeskjema og innsamling av svar frå det frivillige kulturvernet. Saman vil vi evaluere dagens aktivitetar knytt til inkludering, og systematisere rammevilkår og suksesskriterium for dei. I løpet av 2025 skal vi samarbeide om større stemne eller andre større arrangement knytta til inkluderande tiltak.


INTERIMSTYRE VESTLAND KULTURKRETS

  • Åsmund Aasebø, Vestland Musikkråd
  • Eivind Hermansen, Norges Musikkorps Forbund Hordaland
  • Geir Elling Eikenes, Vestland Kulturråd
  • Inger Christine Årstad, Vestland Kulturvernnettverk
  • Svein Arne Skuggen Hoff, estland fylkeskunstlag
  • Sebastian Kvamsdal Kaasa, Memoar Vestland (leiar)