Den nye og gamle tida møtest

Kulturstylist MAKELØSE - Kristin Halkjelsvik

Arrangør: Kunstvandring Voss, saman med Voss Herad. Hedleberget skiferbrot Stiftinga Bergsliminne, Voss Folkemuseum, Jaunsen Gjestgjervarstad, Fleischers Hotell, Konsert med Sivle i ord og tonar.

Sted: Voss

Tid: 4-12 september 2021

Universelt utformet: Nei

Dialogen «Den nye og gamle tida» møtes på Voss. Eit felles arrangement  med kunst og kultur.

Kunstvandring Voss med utstillinga «Tradisjon i ny drakt» den nye og gamle tida møtes. Tradisjonshandverk i nye design. Utstilling på 19. Uttrågata 19. Kva kan du sjå der? Jo, Noregs største handsydde åttebladrose i hardangersaum, 130×130. Brurekuner  laga av handlaga glasperler og porselen. Keramikk med kvitsaum, Rosemåling/colritt i nye utgåver med hjarte for rosemaligstradisjonen og bileta er bygd opp på tradisjonell måte. Syljer av ombruksmaterialer, Glas med hardangersaumgravering. Trearbeid av ulike tidsepokar.  Keramikk med utspring frå tidlegare Noregs kunsthandverkarskule på Voss. Handstrikka koparfigurar i mange ulike storleikar. Under catwalken er det innslag av handverk frå fleire av utstillarane.

 

Stiftinga Bergsliminne:

Bergslitræet, kulturminne i Prestegardsmoen

Ope sundagar frå 30.05 til 12.09. Omvisning. Dokumentarisk film om Knud Bergslien. Kafe. Gratis inngang.

Opningstider: kl 13.00-16.00 og etter avtale

Kontakt: laila.rynning.veum@live.com   www.bergslien.net   Fb. Stiftinga Bergsliminne

Sommarutstillingar:

06.06-18.07: Sigrid Bidne Horvei «Teikningar»

26.07-12.09: Ingeborg Loven Norekval «ATTENDE – PÅ NY», måleri

Handverkutstilling: Turid Nygaard: tekstil, Linda Lid: keramikk, Anneli Engeland: treskjering, Bjørn Egil Tolås: trearbeid

11.september: Guida tur i Bergsliløypa. Start Bergsliparken kl 11.00. Pris: 100 kr (gjeld heile dagsprogrammet)

Siste post: Dagestadmuseet. Omvisning i museet. Foredrag av Christopher Knag kl 14.00. Gratis kaffi og vaflar.

12.september: Bergslitræet kl 13-16. Målekurs for born 10-15 år. Lærar: Sigurd Jensen. Pris: 100 kr  påmelding: laila.rynning.veum@live.com)Utstillingar (siste dag). Film om Knud Bergslien. Kunstlotteri. Gratis kaffi og vaflar.

NB: Foredraget og catwalken er flytta til laurdag 30 april. 2022 grunna smitteutbrotet som er på Voss no. Dette gjeld og gjenskapinga av måleriet til Knud Bergslien. 

Under dette arrangmentet er også Annemor Sundbø med. Historisk foredrag med strikking frå tidlegar tider til no i den nye tida. 

”I arbeidet mitt med fillehaugen er ånda all den sjela som kvinner har lagt ned i arbeidet sitt av kjærleik og omsorg og skaparglede, og den tradisjonsformidlinga som er videreført som ei sjelevandring ved hjelp av handa.”

Kulturstylist- MAKELØS- Kristin E. Halkjelsvik. Fargerik ombruk  av bunader og anna tradisjons handverk. Utstilling og catwalk på Fleischers Hotell. Fargerik og inkluderande inspirasjon til alle, med å ta vare på og ombruk, av gamalt handverk og kulturarven vår. Kirsti Almeland, frå Voss, og nokre andre har bidrege med lokale tradisjonshandverk som vert vist på catwalken.

Under catwalken vert det og vist gamle bruretradisjonar frå Voss med brurehatt som brura hadde på samt raud stakk medan ho rei til kyrkje og ho skulle vera fletta med bua fletter og fletteband. «Tradisjon var at brurefylgje leigde stove på Vangen, der brura vart kruna med utslått hår, og skifte til  brureburebunad.  Etter runden med brurehatten, skal alle få sjå modellen som er  «brur» bli kruna med den flate Vossa kruna.   Brurehatten er ein rekonstruert hatt, utført av Ingebjørg Viste og utlånt  av Voss Folkemuseum.

 

Etter catwalken vert det «Ei brurevigsle» prosesjon til Vangskyrkja for å gjenskape  måleriet til Knud Bergslien. Prosesjonen vert leia av spelemann og kjøgemeister.  Det 200 år gamle brureteppe som er på modell under catwalken, vert ikkje bore inn i kyrkja av kjøgemeisteren men vert bært som ein del av antrekket til modellen opp til altaret, og ho vert den som har sjal over skuldrane i maleriet.    Statistar er modellar på catwalken, born frå Voss og nokre andre vaksne frå bygda.

«Tunskål» på hotellet når brurefylgje kjem attende dit.

Festmiddag med «Bruresteik» (Hakkasteik) om kvelden

 

Foredrag om kritkrotekufter og strikkedesign med Kristin Holte, «Frå kritkroting til kufter til kunstuttrykk» Kristin har mastergrad i tradisjonskunst og 1. årig kunstnarstipend  med fordjupning i tekstilkunst og svennebrev i strikkehandverksfaget. Mange av  hennar kunsthandverk er intergrert i catwalken i sammarbeid med Kristin E. Halkjelsvik.

 

Voss Herad:  Seminar på Voss Folkemuseum:  Vossaminner- med røter og vengjer. Kulturmiljø og berekraft.

 

Voss Folkemuseum, med ny basis utstilling.«Utsyn mot Voss»

Hedleberget Voss, skiferbrot på Kyte,  med open dag og ulike aktivitetar for born, Demonstrasjon av ulike arbeidsprosessar i skiferbrotet,  historisk foredrag, omvising, Ulike aktivitetar for born og tur rundt kulturløypa i Heddleberget.

Jaunsen Gjestgjevarstad med om omvising og foredrag.

Fleischers Hotel med Knag utstilling. Hotellet har hatt eit stort arbeid med å gjenskape det til fordumstid. Dei fleste av Knagmøblane er restaurert og i bruk på Hotellet.  Foredrag med Christoffer Knag. Tekstil utstilling med gjenskapte sengeåkler, vevd av Maren Erlend, frå ulike stadar i Vestland. Du fin og tekstilkunst med kritkroting frå Kristin Holte, og kulturstylist MAKELØSE- Kristin E. Halkjelsvik sin utstillinge med hjarte for dei mjuke verdiane.

«at livet det er no det likast, lell» Ei musikalsk og lyrisk framsyning med tekstar av Per Sivle. Framført av Jon Sverre Ruder, Berit Bagøien Moe  og Vigdis Jordal, på Fleischers hotell.

Voss Mylna: ope hus med omvisning, historisk foredrag og kulturelle innslag

Voss sogelag med historisk vandring på Vangen. Det er i alt 6 ruter, med blant anna Bergsliløypa. Det vert guida turar med historie og arkitektur i Vossabygda.

Vossamarknaden på Evanger med Eldhusmuset, servering i gildehallen, historisk foredrag, bakgårdskonsert, StreetartVoss

Etter markeringa av Kulturminnedagene vert det fokus på kunst og handverk med opne galleri, verkstadar og atelier.

For kunst og kulturvandringa i september  har me hatt samarbeid med Voss Gymnas der elevar ved Kunst, Design og Arkitekturlinja, VK1 og VK2,  har laga framlegg til årest fellesplakat med ein juriert vinnar og publikumspris etter avstemming.

Hovedarrangør

Kunstvandring Voss
www.kunstvandringvoss.com
Stiftinga Bergsliminne  Dokumentarisk utstilling av Bergslibrødrene. Dokumetarfilm om Knud Bergslien, Sommarutstilling med kunst og handverk, handverkskurs for born og kafe.
Den nye og gamle tida møtes. Tradisjonshandverk i ny drakt
Seminar: Voss med røter og vengjer. Kulturmiljø og berekraft.
Open dag med ulike arrangement
Knag utstilling, foredrag.
Sivle i ord og tonar med Jon Sverre Ruder, Berit Bagøien og Vigdis Jordal
Catwalk- Kristin Halkjelsvik- kulturstylist

Kritkroting, Kristin Holte

Kristin Holte: Kritkroting

Omvisning og arrangement

 

Voss Mylne open dag.
Norsk eldhusmuseum på Evanger

Medarrangører

 

 

Brurehatt: Voss Folkemuseum.

«Ei brurevigsle» av Knud Bergslien.

Plakatvinnar: Emma Gullaksen vk2 Kunst, Design og Arkitekturlinja,  Voss Gymnas

Årets publikumspris: Malin Linnea Hovda vk2 Kunst, Design og Arkitekturlinja,  Voss Gymnas

Sponsorer

Seminar: Voss med røter og vengjer. Kulturmiljø og berekraft.