Gratis omvisning ved steinalderbuplassen Skipshelleren for barn, unge & familiar – Kulturarvfestivalen i indre Vestland

Helge S. Titland

Arrangør: Anne-Lise Leiren Mastervik & Evy Beathe Kvamme

Sted: Skipshelleren

Tid: 31.08. kl10, 1330, 17 & 08.09. kl10, 13, 17

Universelt utformet: Nei

Omvisarane v̴re tek til vanleg imot skuleklassar, men i disse dagar er det open for alle som vil komme Рgratis.

Det er ein heilt spesiell stemning på den gamle steinalderbustaden ved fjorden. Lar du berre stilla synka litt inn, kjem tankane kring alt det som eingong har gått føre seg her. Dei eldste funna på den gamle fangstplassen skriv seg 7000 år tilbake i tid.

Sjølve hellaren er imponerande i seg sjølv, 30 meter høg og med eit dropefall pÃ¥ 15. Nede ved fjorden er det satt opp eit grindbygg – tusenÃ¥rsbygget til Vaksdal kommune – og laga til med toalett, gruer og benkar. Her er det fint Ã¥ setja seg nedpÃ¥ og la tankane flyge, medan borna kan sleppa seg laus i leiken.

Skipshelleren på Straume var fangstbuplass frå forhistorisk tid, utgravingar har avdekka eit opp til 1,70 meter tjukt lag med rester etter bosettning under helleren. Dei siste spora er frå steinalderen, med betydelege mengder redskaper og rester etter dyreknokler. Det rike fiske- og dyrelivet i fjorden, saman med plante og dyrelivet på land er den viktigste forklaringa på at folk valgte å busette seg under hellaren.

(frÃ¥ «Høyr fjella lokka»)

https://www.facebook.com/profile.php?id=61556373655750

Kontakt

Navn: Evy Beathe Kvamme

Organisasjonen kontaktpersonen representerer: Vaksdal kommune

Telefon: 93645297

E-post adressee: Evy.Beate.Kvamme@vaksdal.kommune.no