Vestland Kulturvernnettverk

Meir enn 50.000 frivillige i over 250 lag og samlingar tar vare på kulturarven i Vestland fylke. Vestland Kulturvernnettverk skal samle, dele og løfte levande kulturvern i Vestland. Send e-post til vestland@kulturvern.no for å bli med, så tek vi kontakt. Medlemskapet er gratis. Formålet er å styrke vår felles stemme for kulturarven inn i politikk, utvikling og tildelingar.






VERN I VEST: Meir enn 50.000 frivillige i over 250 lag og samlingar tar vare på kulturarven i Vestland fylke. Vi verner og fører vidare levande tradisjonar, immateriell kulturarv og fysiske kulturminner. Saman driftar vi båtar og tek vare på kystkultur, skapar husflid, restaurerer hus, skriv lokale årbøker, samlar minner, bidreg til arkeologiske funn, tek vare på mattradisjoner og mykje meir.

FELLES STEMME: Endeleg har det frivillige kulturvernet i Vestland eit regionalt nettverk slik som resten av kunst- og kulturlivet og idretten. Vi skal sette kulturarven på agendaen og vere ei felles røyst inn mot kommunar, fylket, muse, arkiv, reiseliv og politikk. Saman styrker vi rammevilkåra til det frivillige kulturvernet og blir eit korrektiv og støttespelar i utvikling av regional kulturpolitikk.

BLI MEDLEM: Den fyrste oppgåva i utviklinga er at alle lag, foreiningar og samlingar i det frivillige kulturvernet i Vestland fylke blir medlem i Vestland Kulturvernnettverk. Send namn på lag og lenke for nettstad til vestland@kulturvern.no. Kartet over syner fram laga vi har funne gjennom dialog med kommunane og registreringar i Frivilligregisteret. Ta kontakt om manglar.

GRATIS: Dette er eit nettverk, ikkje ein ny paraplyorganisasjon og det er gratis å vere med. Alle lag, organisasjonar og samlingar for frivillig kulturvern i Vestland fylke, også om laget/foreninga ikkje er medlem i ei nasjonalforening tilknytt til Kulturvernforbundet, skal vere med. 

SAMHALD: Medlemskapet gir ingen plikt, berre moglegheit for samarbeid og utvikling. Målet er at alle lag, foreiningar og samlingar i det frivillige kulturvernet i Vestland blir med. Vi ønskjer og uorganiserte lag og miljø velkommen med i nettverket.

UTVIKLING: Vestland kulturvernnettverk vart etablert i 2024 for å følgje opp den nye regionale kulturpolitikken. Riksantikvaren, Vestland fylke og staten forventar at vi står saman for å styrke det frivillige kulturvernet. Kulturvernforbundet har lagt til rette ved å ansette regionkoordinator for Vestland. 

KULTURKRETS: Vi har fått mange spørsmål om regionale kulturkretser som vart grunnlagd samme år som Vestland Kulturvernnettverk. Dette er to ulike organisasjonar. Vestland Kulturvernnettverk er eit nettverk med oppgåve å styrke det frivillige kulturvernets rolle for å verne og fører vidare levande tradisjonar, immateriell kulturarv og fysiske kulturminner. Kulturkretsene er eit kulturpolitisk samarbeidsforum for den frivillige kulturens saker på tvers av interesser og uttrykk, til dømes fjerning av moms på dugnad. Vestland Kulturvernnettverk sitt i interimstyret for Kulturkretsen i Vestland.

Ta gjerne kontakt for ønskjer og deling av utfordringar.

Styreleiar: Klaus Edler mob 98018145, epost: klaus-de@enivest.net

Regionkoordinator: Inger Christine Årstad mob: 92256277, epost: vestland@kulturvern.no


LENKE til lista over medlemmer. 


 

Vestland Kulturvernnettverk skal arbeide for å styrke det frivillige kulturvernet si rolle i Vestland fylke ved å:

  1. auka kjennskapen til og interessa for historie og kulturarv
  2. støtte arbeidet for dokumentasjon, bevaring, bruk og formidling av kulturarv
  3. skape betre rammevilkårene for kulturvernet lokalt og regionalt
  4. skape møteplassar og samarbeid 
  5. vera høyringsinstans for det frivillige kulturvernet

 

STYRET VESTLAND KULTURVERNNETTVERK 2025/2026:

  • STYRELEDER: Klaus Edler (Gloføykje Metallsøkerforening) frå Nordfjord
    Ta gjerne kontakt for ønsker og deling av utfordringar: Tlf. 980 18 145
  • Astrid Larsen (Norsk Fyrforening) frå Stord i Sunnhordaland
  • May Britt Øydvin (Voss Kunst og Kultur) frå Voss
  • Magnar Skålevik (Bømlo Kystlag) frå Bømlo
  • Thomas Due Sivertsen (Bergen kystlag) frå Bergen

VARA: 

  • Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim (Jakob Sande-selskapet) frå Fjaler
  • Marie Nicolaisen (Sogn og Fjordane fortidsminneforening)

VALKOMITE:

  • Mariela Drejer Norheim (Bergen historiske festival) frå Bergen
  • Trude Søilen (Leiar i Fjordkysten regional og geopark) Solund

ORGANISERING:

  • demokratisk organisasjon
  • med eit valgt styre av representantar frå frivillig kulturvern
  • årsmøte som høyeste organ.

 


Sjå film med bilete frå det frivillige kulturvernet i Vestland.